Voss miljøgate og torg

Prosjektet inkluderar skisseprosjekt for Vangsgata, torget og Hestavangen. Byggeplan for torget og Vangsgata. Beskrivande masseberekning, anbodsinnhenting, deltaking i kontrahering og oppfølging i byggeperioden. Nært samarbeid med oppdragsgivar både under prosjektering og bygging.

Vossevangen har ein særeigen arkitektur som hovudsakleg skriv seg frå tida rett etter krigen. Det er tradisjon for bruk av platekantstein og lokal skifer. Vi har ynskja å finne attende til og foredle både dei reine linjene frå 50-tals arkitekturen og bruken av naturstein i gata. På fortau er det Oppdalskifer - lokal skifer er ikkje sterk nok til belegg.

Fortauet på solsida er heile 7m breitt fordi det har vore viktig å prioritere fortgjengarar. Splittkansteinen er frå Sogn. I møbleringssone og køyreareal er det brukt høvesvis liten og stor gatestein. Det er ikkje opphøgd kantstein av omsyn til universell utforming. Møbleringssone er brukt som bilavvising. Benkar og trapp på torget er av massive blokker lokal skifer.

Vegetasjonsvalet byggjer på stadeigne artar som kler bygdebyen og har ein passande storleik. Vi har valt å ikkje plante gatetre som allé, men i meir uformelle grupper. På torget tronar eitt stort, flott tuntre som har fått omramming av lokal skifer.

Byggherre: Voss kommune, tekniske tenester
Tidsrom: 2003-2011
Omfang/kostnader: Totalt areal ca. 10 daa
Entreprenør: Svein Boasson AS

Alle foto: Grindaker AS